fredag 4. september 2015

Den autonome og den ideologiske modellen for literacy

Eg har lese og eg har stussa litt, på kva dette med literacy eigentleg er for noko. Her kjem bittelitt om den autonome og den ideologiske modellen for literacy... slik eg har fortstått det! 

Kva skjer når eit menneske, og eit samfunn, lærer å lese og skrive? Barton, i si bok "Literacy", kallar menneske som lever i orale kulturar, for nonliterates. Menneske som bur i kulturar, til dømes lik vår eigen, men som ikkje beherskar lese- og skrivekunsten kallar Barton for illiterates. Så kva er effekten av å lære dei illiterates og dei nonliterates å lese og skrive? Kva skjer hvis ein "tilsett" literacy? Street drøftar dette i sin artikkel "Autonomous and Ideological Models of Literacy: approaches from New Literacy Studies". I følgje den autonome modellen så vil literacy automatisk ha ein effekt på sosiale og kognitive prosessar. Literacy vil då alltid tilføye eit samfunn vekst i økonomi, levekår, demokrati med meir. For å seie det på ein svært enkel måte; lærer menneske å lese og skrive så vil dei automatisk ha det som vi i den vestlege verda kallar for ei positiv utvikling. Det vil kort seie at i den autonome modellen så ser ein på literacy som eit sett av ferdigheiter som i kraft av seg sjølv endrar kulturar i positiv retning. Melve har skrive om dette i boka "Med ordet som våpen" og kallar det autonome synet for brotsyn. Der skriv han at brotsynet ser på skrift som ibuande årsak til endringar i eit gitt samfunn og at skrifta har ei sjølvverkande effekt på både sosiale og individuelle prosessar. 

Den ideologiske modellen derimot, seier at literacy ikkje kan sjåast som ei eiga kraft, men i lys av kontekst. Den ideologiske modellen veks fram som eit svar på den autonome modellen og seier at ein ikkje kan se på literacy som ein sjølvverkande kraft, men må ta omsyn til den kontekst som literacy verkar i. Det vil seie at bruken av kommunikasjonsform, anten om den er muntleg eller skriftleg, er sosial bestemt og den sosiale bruken vil vera avgjerande for vekst og endring i eit samfunn. Altså; det er bruken av literacy som teknologi og ikkje teknologien i seg sjølv, som kan føre til endringar. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar